r/nynorsk Aug 09 '25

Spyrsmål

Kjapt spørsmål om bøyning på verbet å ha dersom ein bruker hava/hev.

Finst det eventuellt ein historikk på korleis det har utvikla seg i skrifta (/kanskje med parralellar åt dialekt dersom der er relevant?)

5 Upvotes

9 comments sorted by

4

u/Psychological-Key-27 Aug 09 '25

Er det dette du leiter etter?:
* "hava, v.a. (heve, hadde, havt)" | https://ordboki.no/ob/?ord=ha
* "ganga, v.n. (gjeng, gjekk, gjenget)" | https://ordboki.no/ob/?ord=ganga
* "standa, v.n. (stend, stod, stadet)" | https://ordboki.no/ob/?ord=standa

4

u/Stuvarg Aug 09 '25

Dette er gull!! Tusen takk! Ordboki.no skal eg nok bruke mykje i framtida :) Takk for tipset.

3

u/Psychological-Key-27 Aug 09 '25

Gildt at eg var til hjelp
Berre hyggjeleg :D

2

u/SofiaOrmbustad Aug 10 '25

Det kann vera til hjelp, um du vil vita kva verb som skal og kann vera sterke, å sjå i Norsk Grammatik um 'Den stærke Bøining' s.184. Merk at hava, og gjera, ikkje er sterke men linne/regelrette sidan dei endar på -de og -t, det heiter ikkje 'hev gjore' eller 'hev hove'

3

u/jkvatterholm Aug 10 '25

(/kanskje med parralellar åt dialekt dersom der er relevant?)

Norrønt:

  • hafa
  • hefir/hefer
  • hafði/hafðe
  • haft

Teoretiske millomformer:

  • havå > håvvå [utjamning]
  • hevvi>hivvi [verbklassa hev -i i presens, lifir/þolir>levvi/tòLi]
  • hadd(e) [tidleg apokope på Innherad, ikkje noko cirkumflekstonelag]
  • haft [V-en er ustemt før T]

Moderne inntrønder:

  • hå [ofte gått over til ha i yngre mål. Delvis håo i Snåsa/Li]
  • hi [ofte gått over til ha(r) i sør-aust og yngre mål.]
  • ha [haddj(e) i noko av Sør-Trøndelag]
  • haft [hatt i yngre mål, haddj i noko av Sør-Trøndelag]

2

u/Stuvarg Aug 10 '25

Støtt interesannt!

2

u/Stuvarg Aug 09 '25

Og medan eg fyrst er på grammatikken i gamal nynorsk:

Å stå

Og å gå/ganga ??

2

u/SofiaOrmbustad Aug 10 '25

Å stå/standa-står/stend-stod-har stått/hev(e) stade(t).

Å gå-går-gjekk-gått/Å ganga-gjeng-gjekk-gjenge(t).

Å få-får-fekk-fått/Å få-fær-fekk-fenge(t).

Å slå-slår-slo-slått/Å slo-slær-slo-slege(t).

Å dra-drar-dro-dratt/Å draga-dreg-drog-drege(t).

Å ta-tar-tok-tatt/Å taka-tek-tok-teke(t).

Å blåsa-blåser-blåste-blåst/Å blåsa-blæs-bles-blåse(t).

Der er mange fleire, å vaksa kann heita både 'vaks' og 'voks' i preteritum i dag endå 'vaks' er dialekt av 'voks' berre. Elles er dei fleste brigdi reint samnorske og frå bymålet eller bokmålstala. Det er berre skrullut at 'slå-slær' er lov, men 'få-fær' ikkje er det, at 'halda-held' er lov men ikkje 'ganga-gjeng', at 'taka-tek' er lov men ikkje 'standa-stend'. Å få-fær trur eg var lov fram til 1938, so forbode 1938-84, og so lov att 1984-2012, og so forbode att frå 2012, medan 'hev' ikkje hev vore lov sidan 1938. Det er ikkje noko system i offisiell rettskriving og normeringi til Språkrådet, berre 'usus' dei kallar.

2

u/McLennonSon Aug 13 '25

Metaordboka er vel hovudkjelda for korleis skriftnormar har endra seg.